• Førde

Nettside Eigendomsmegling 1 Sogn og Fjordane

Er du ein leiar som får folk til å lukkast saman?

Vi søkjer no etter ny dagleg leiar for Eigendomsmegling 1 Sogn og Fjordane. Dette er ei sentral leiarrolle med fullt ansvar for drift, resultat og vidare utvikling av eit godt drive selskap med sterk posisjon i marknaden.

Som dagleg leiar får du ei rolle med stor påverknadskraft. Du får ansvaret for å ta selskapet vidare i ein konkurranseprega eigedomsmeklingsmarknad, samstundes som du byggjer kultur, utviklar folk og sikrar kvalitet i alle ledd. Du leiar gjennom tillit, er tilgjengeleg i kvardagen og trygg i møte med folk, og evnar å skape engasjement og retning med tydelege krav til kvalitet, samhandling og resultat.

Dette er ei rolle for deg som får energi av å skape resultat gjennom folk. Du er ein tydeleg og samlande leiar som kombinerer forretningsforståing med god gjennomføring i kvardagen. Du har høgare utdanning på minimum bachelornivå, og relevant leiarerfaring. Bakgrunn frå eigedomsmekling er ein fordel. Erfaring frå anna relevant verksemd kan vere like aktuelt.

Du får ansvar for ein organisasjon med 5 kontor: Førde, Florø, Sogndal, Nordfjordeid og Bergen. Rolla krev at du evnar å skape samhandling, felles retning og gode resultat i ein spreidd organisasjon. Dette gjer du gjennom tett oppfølging av dei tilsette, jamnleg tilstadevering på kontora og ved å bidra direkte til både sal og gode kundeopplevingar.

Sentrale arbeidsoppgåver 

Som dagleg leiar har du det overordna ansvaret for verksemda, både operativt og strategisk. Du leiar organisasjonen gjennom klare prioriteringar, god oppfølging og tydeleg retning.

  • Ansvar for drift, resultat og strategisk utvikling
  • Leie, følgje opp og utvikle medarbeidarane på tvers av geografi
  • Sikre kvalitet, etterleving og god internkontroll
  • Vidareutvikle selskapet si marknadsposisjon i tett konkurranse

 

I tillegg til ei spennande leiarrolle får du dette hos oss 

Som fast tilsett blir du automatisk medeigar i SpareBank1 Sogn og Fjordane. Alle nytilsette får tildelt eignekapitalbevis første året etter oppstart, og vi har eit gunstig spareprogram i EK-bevis.

Du får funksjonærlån med god rente og gode vilkår på sparing og forsikring. I tillegg kjem velferdsgoder som leilegheiter og bedriftshytter.

Du vil rapportere til direktør for kunde og marknad, og abeidskvardagen din vil vere prega av korte beslutningsvegar, tett samarbeid og høve til å påverke både retning og prioriteringar.

Dersom du har spørsmål eller ønsker å vite meir om rolla, kan du gjerne ta kontakt med Reiel Haugland eller Regine Gausemel. 

Vi gjennomfører bakgrunnsundersøkingar av søkarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og anna dokumentasjon. Den som får tilbod om stillinga må leggje fram politiattest, og søkarar som går vidare i prosessen vil få nærare informasjon om dette i forkant. Bakgrunnsundersøkinga blir utført av Semac AS. 

Om arbeidsgiveren

SpareBank 1 Sogn og Fjordane er den sjuande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 78 milliardar kroner og nær 300 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.

 

 

To apply for this job please visit www.finn.no.